Socata TB-10 Tobago LN-TBL
Vår maskin er franskbygd i 1994, og er eit romsleg fly godt eigna for lengre turar og skuleflyging.
Model: Socota TB10 Tobago
Ser.nr: 1449
Motor: Lycoming 180 hk
Registrering: LN-TBL
Instrumentering: IFR og VFR
Div.: Constant speed propeller
Endurance: 5 t.
Hangar og klubbhytte
På Førde Lufthamn Bringeland har vi kanskje Norges flottaste hangar og tilknytta klubbhytte. Etter at hangaren falt ned vart det i 2011 bygd opp igjen ein moderne isolert hangar. Vi leiger i dag bort halve hallen til Airlift, men disponerer sjølv plass til tre-fire fly.

Bilde teke av Kjell Johnny Kvamme
AVGAS 100LL
Klubben har tankanlegg med AVGAS 100LL. Anlegget har ikkje kort-terminal, men dersom det er folk tilstades er vi gjerne behjelpelige med fuel mot kontant betaling.